Mika 5:4-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Og han skal vera fred.Når assyrarane kjem inn i landet vårtog trakkar inn i borgene våre,då reiser vi imot deisju hyrdingar, ja, åtte fyrstar.

5. Dei skal gjeta Assurs land med sverd,ja, Nimrods land med dregne våpen.Men når assyrarane kjem inn i landet vårtog trakkar over grensene våre,skal han berga oss.

6. Då skal Jakobs rest blant talrike folkeslagvera som dogg frå Herren,som regn på graset.Dei ventar ikkje på nokon mann,set ikkje si von til menneske.

7. Då skal Jakobs rest blant folka,midt iblant talrike folkeslag,vera som ei løve blant dyra i skogen,som ei ungløve i saueflokkar.Ho fer fram og trakkar ned,ho riv i hel, og ingen bergar.

8. Lyft handa di mot dei som står deg imot,så alle dine fiendar blir utrydda!

Mika 5