40. Då Jesus vende attende, stod folkemengda og tok imot han, for alle hadde venta på han.
41. Ein mann som heitte Jairus, kom fram; han var forstandar for synagogen. Han kasta seg ned for føtene til Jesus og bad han inderleg om å koma heim til seg.
42. For einaste dotter hans, som var om lag tolv år gammal, låg for døden. Då Jesus gjekk dit, trengde folk seg innpå han frå alle kantar.
43. Det var ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år. {{Alt ho eigde, hadde ho brukt på legar,}} men ingen hadde greidd å gjera henne frisk.