4. Då dei kom til Jesus, bad dei han inderleg og sa: «Han fortener at du gjer dette for han.
5. For han elskar folket vårt, og det er han som har bygd synagogen vår.»
6. Og Jesus gjekk med dei.Men då han ikkje hadde langt att til huset, sende offiseren nokre av venene sine til han med bod: «Herre, gjer deg ikkje meir bry! Eg er ikkje verd at du kjem inn under mitt tak
7. – difor heldt eg meg heller ikkje verdig til å koma til deg. Men sei berre eit ord, så blir tenesteguten min lækt.
8. For eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg til ein av dei: ‘Gå!’ så går han, og til ein annan: ‘Kom!’ så kjem han, og til tenaren min: ‘Gjer dette!’ så gjer han det.»