64. Dei batt for auga hans og sa: «No kan du vera profet! Kven var det som slo deg?»
65. Og dei hånte han på mange andre måtar òg.
66. Då det lysna av dag, kom eldsterådet i folket saman; overprestane og dei skriftlærde var òg med. Jesus vart ført fram for Rådet,
67. og dei sa: «Er du Messias, så sei oss det.» Han svara: «Om eg seier det til dykk, trur de meg ikkje,
68. og om eg spør, svarar de ikkje.
69. Men heretter skal Menneskesonen sitja ved den mektige Guds høgre hand.»