Josva 20:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren sa til Josva:

2. Sei til israelittane at dei skal velja seg fribyar slik eg baud dei gjennom Moses.

3. Dit kan ein drapsmann rømma når han av vanvare og aktlaust slår nokon i hel. Der kan de søkja tilflukt frå blodhemnarar.

4. Den som rømmer til ein av desse byane, skal stilla seg ved inngangen til byporten og leggja saka si fram for dei eldste i byen. Dei skal sleppa han inn i byen og gje han ein bustad hos dei.

5. Dersom blodhemnaren forfølgjer drapsmannen, skal dei ikkje utlevera han, for utan å vilja det har han slege nesten sin i hel; han bar ikkje hat til han frå før.

Josva 20