Josva 1:16-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Då svara dei Josva: «Alt det du har bode oss, skal vi gjera, og kvar du så sender oss, vil vi gå.

17. Slik vi lydde Moses, vil vi lyda deg. Måtte berre Herren din Gud vera med deg slik han var med Moses.

18. Kvar den som set seg opp mot deg og ikkje høyrer på det du seier, same kva du byd han, han skal døy. Ver berre modig og sterk!»

Josva 1