Johannes' Openberring 7:2-4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Og eg såg ein annan engel. Han steig fram i aust, der sola ris, og bar den levande Guds segl. Med høg røyst ropa han til dei fire englane som hadde fått makt til å føra skade over jorda og havet:

3. «Rør ikkje jorda eller havet eller trea før vi har merkt vår Guds tenarar med segl på panna.»

4. Og eg høyrde talet på dei som fekk seglet: Det var 144 000, frå alle stammane i Israelsfolket.

Johannes' Openberring 7