Johannes' Openberring 19:13-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Han er kledd i ei kappe som er dyppa i blod, og namnet hans er Guds Ord.

14. Himmelhærane, kledde i kvitt og reint lin, følgjer han på kvite hestar.

15. Og ut or munnen hans går det eit skarpt sverd; med det skal han slå folkeslaga ned. Han skal styra dei med jernstav og trø vinpressa som er fylt med vreidevin, med harmen frå Gud, Den allmektige.

16. På kappa og ved hofta har han eit namn skrive: Kongen over kongane og herren over herrane.

17. Og eg såg ein engel som stod inne i sola. Han ropa med høg røyst til alle fuglane som flyg under himmelkvelven: «Kom hit, samla dykk til Guds store gjestebod!

Johannes' Openberring 19