3. I Anden førte han meg ut i øydemarka, og eg såg ei kvinne som sat på eit dyr, raudt som skarlak. Dyret var fullsett med namn som var ein spott mot Gud. Det hadde sju hovud og ti horn.
4. Kvinna var kledd i purpur og skarlak og glitra av gull og edelsteinar og perler. I handa hadde ho eit gullbeger fullt med motbydelege ting og all ureinskapen frå horeriet sitt.
5. På panna hennar stod det skrive eit namn med løynd meining: «Babylon den store, mor til horene og til alt som er motbydeleg på jorda.»
6. Og eg såg at kvinna var rusa av blodet frå alle dei heilage og frå Jesu vitne.Full av undring såg eg henne.
7. Men engelen sa til meg: «Kvifor undrar du deg? Eg skal fortelja deg løyndomen med kvinna og med dyret som ber henne og har sju hovud og ti horn.