Jeremia 48:5-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Gråtande går dei opp bakkane til Luhit.På vegen ned til Horonajimhøyrest rop i naud over samanbrotet:

6. «Flykt, berg livet!»Men de blir som ein busk i ørkenen.

7. Fordi du leit pådet du hadde laga,og på skattane dine,skal du òg bli teken.Kemosj må gå i eksilog prestane og stormennene med han.

8. Han som herjar, kjem til kvar ein by,ikkje ein by slepp unna.Dalen skal gå til grunneog sletta leggjast i øyde,slik som Herren har sagt.

9. Gjev Moab ein blom,for det skal leggjast i ruinar.Byane skal bli aude,ingen skal bu i dei.

10. Forbanna er densom forsømer å gjera Herrens verk!Forbanna er densom held sverdet borte frå blod!

11. Moab var trygg frå ungdomen av,låg roleg som vin over berme,vart ikkje helt frå fat til fat,måtte ikkje gå i eksil.Difor har smaken halde seg,og angen er den same som før.

Jeremia 48