Jeremia 28:12-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Men etter at profeten Hananja hadde teke åket av nakken på profeten Jeremia og brote det sund, kom Herrens ord til Jeremia:

13. «Gå og sei til Hananja: Så seier Herren: Du har brote sund eit åk av tre. Men du skal laga åk av jern i staden.

14. For så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Eit åk av jern legg eg over nakken på alle desse folkeslaga, for at dei skal tena kong Nebukadnesar av Babel og vera slavar under han. Sjølv dei ville dyra gjev eg over til han.»

Jeremia 28