28. Men om dei nektar å ta begeret frå di hand og drikka, skal du seia til dei: Så seier Herren over hærskarane: Drikka skal de!
29. Sjå, først sender eg ulukke over byen som namnet mitt er nemnt over. Og så skulle de sleppa straff! Nei, de skal ikkje sleppa. For eg kallar på sverdet og sender det mot alle som bur på jorda, seier Herren over hærskarane.
30. Du skal profetera for dei med alle desse orda. Du skal seia til dei: Herren skal brøla frå det høge,la røysta ljoma frå sin heilage bustad.Han brøler over si beitemark,ropar lik folk som trakkar druer,til alle som bur på jorda.
31. Lyden når til enden av jorda.For Herren fører sak mot folka,alt som lever, stemner han for retten,dei lovlause gjev han over til sverdet,seier Herren.