Hosea 13:8-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Eg vil koma over dei som ei binnedei har teke ungane frå,og riva opp brystet på dei.Eg vil eta dei opp som ei løve;dei ville dyra skal slita dei sund.

9. Når øydelegginga kjem, Israel,kven skal hjelpa deg då?

10. Kvar er då kongen dinsom kan berga deg i alle byane dine,og kvar er dommarane dine?Du har jo sagt:«Gjev meg konge og hovdingar!»

11. Eg gjev deg ein konge i min vreide,og i min harme tek eg han bort.

12. Efraims skuld er samla opp,synda hans er gøymd.

Hosea 13