Hosea 12:10-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Men eg er Herren din Gud,heilt frå Egypt.Enno vil eg la deg bu i teltsom den gongen eg møtte deg.

11. Eg vil tala til profetane.Eg lét dei få syn i mengd,og no vil eg tala i likningar gjennom dei.

12. Er Gilead ugudeleg,skal dei bli til inkjes.Ofrar dei oksar i Gilgal,skal altara deira bli som steinrøysar langs åkeren.

13. Jakob rømde til Aram-landet,Israel tente for å få seg ei kone,for ei kone vakta han småfe.

14. Ved ein profet førte HerrenIsrael opp frå Egypt,og ved ein profet vakta han dei.

Hosea 12