Hosea 11:3-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Det var eg som lærte Efraim å gåog tok dei på armen.Men dei skjøna ikkje at eg gjorde dei friske.

4. Eg drog dei med menneskeband,med kjærleiks tau.Eg var lik ein som lyfter eit spedbarn opp til kinnet,eg bøygde meg ned og gav dei mat.

5. Dei skal ikkje venda attende til Egypt,men Assur skal vera kongen deira,for dei nekta å venda om.

6. Sverdet skal rasa i byane deira,bryta sund bommane og eta om segfor deira planar skuld.

7. Folket mitt heng fast ved sitt fråfall frå meg.Dei ropar saman til han som er i det høge,men han reiser dei ikkje opp.

Hosea 11