Hebrearane 13:4-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Lat ekteskapet haldast i ære av alle, og lat ikkje ektesenga skitnast til. For Gud vil dømma dei som driv hor eller bryt ekteskapet.

5. Lat ikkje kjærleik til pengar styra livet, men ver fornøgde med det de har. For Gud har sagt: Eg sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg.

6. Difor kan vi vera ved godt mot og seia: Herren er min hjelpar, eg er ikkje redd. Kva kan menneske gjera meg?

Hebrearane 13