Ester 4:4-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Tenestejentene til Ester og evnukkane kom og fortalde henne dette. Då tok dronninga til å skjelva. Ho sende Mordekai klede som han skulle ha på seg i staden for sekkestrien, men han tok ikkje imot.

5. Så kalla Ester inn Hatak, ein evnukk som kongen hadde sett til å tena henne. Ho sende han til Mordekai for å få vita kva som hadde hendt, og kvifor.

6. Hatak gjekk ut til Mordekai på bytorget framfor slottsporten.

7. Mordekai fortalde då alt som hadde hendt han, og heile historia om sølvet som Haman hadde sagt han skulle vega opp til kongens skattkammer om han fekk gjera ende på jødane.

Ester 4