Efesarane 3:7-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Eg vart ein tenar for dette evangeliet då Gud med si veldige kraft gav meg si nådegåve.

8. Ja, til meg, den minste av alle dei heilage, er denne nåden gjeven: å forkynna for folkeslaga den glade bodskapen om Kristi ufattelege rikdom

9. og føra Guds frelseplan fram i lyset, det mysteriet som frå evig tid har vore løynt hos Gud, han som har skapt alt.

10. Slik skulle hans mangfaldige visdom kunngjerast gjennom kyrkja for maktene og herredøma i himmelrommet,

11. slik Gud frå evig tid hadde fastsett og no har fullført i Kristus Jesus, vår Herre.

Efesarane 3