Dommarane 6:14-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Herren vende seg til Gideon og sa: «Gå og bruk den styrken du eig, til å berga Israel ut av hendene på midjanittane! Det er eg som sender deg!»

15. Gideon svara: «Høyr, Herre! Korleis kan eg berga Israel? Mi slekt er den veikaste i Manasse, og sjølv er eg den yngste i huset til far min.»

16. Då sa Herren til han: «Eg vil vera med deg, og du skal slå midjanittane, alle som ein.»

Dommarane 6