17. Gilead heldt seg i ropå den andre sida av Jordan.Kvifor drygde Dan ved skipa?Asjer, som budde ved havsens strand,heldt seg i ro i vikane der.
18. Sebulons folk viste dødsforakt,også Naftali,på dei opne høgdene.
19. Kongar kom og kjempa,då kjempa dei, Kanaans kongar,i Taanak ved Megiddos vatn,men dei tok ikkje sølv som bytte.
20. Frå himmelen kjempa stjernene,frå sine banar kjempa dei mot Sisera.
21. Kisjon-elva reiv dei bort,den eldgamle elva, Kisjon-elva.Gå fram, mi sjel, med kraft!
22. Då hamra det av hestehovar,av hingstar i galopp, i galopp!
23. «Forbann Meros!» sa Herrens engel.«Forbann, forbann dei som bur der!For dei kom ikkje Herren til hjelp,dei kom ikkje Herren til hjelp mot krigarane!»
24. Velsigna blant kvinner er Jael,kona til kenitten Heber,velsigna blant kvinner som bur i telt.
25. Han bad om vatn,ho gav han mjølk.Ho kom med rømme i ei praktfull skål.
26. Ho strekte ut handa etter teltpluggen,høgre handa mot hammaren til handverkaren.Ho slo til Sisera så skallen vart kløyvd,dreiv pluggen igjennom og knuste tinningen.
27. Mellom føtene hennar seig han i kne,han stupte og vart liggjande.Mellom føtene hennar seig han i kne,han stupte.Der seig han i kne, stupte og var knust.