Dommarane 21:18-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Men vi kan ikkje gje dei av døtrene våre.» For israelittane hadde svore og sagt: «Forbanna er den som gjev dotter si til ein mann i Benjamin!»

19. «Men høyr no», sa dei. «Kvart år held dei ei høgtid for Herren i Sjilo.» Sjilo ligg nord for Betel, aust for den landevegen som går frå Betel til Sikem, og sør for Lebona.

20. «Dra dit», sa dei til Benjamin-mennene, «og legg dykk på lur i vinmarkene!

21. Når de då ser at ungjentene i Sjilo kjem ut og dansar ringdans, skal de springa fram frå vinmarkene og rana dykk kvar si kone mellom ungjentene i Sjilo, og så fara heim att til Benjamin-landet.

22. Og når fedrane eller brørne deira kjem og klagar til oss, skal vi seia til dei: Lat oss visa nåde mot dei! For vi fekk ikkje tak i ei kone til kvar i krigen. De har heller ikkje gjeve dei til dei, så det kviler inga skuld på dykk.»

Dommarane 21