20. Då flamma Herrens vreide opp mot Israel, og han sa: «Dette folket har brote den pakta eg påla fedrane deira, og ikkje lydd etter det eg har sagt.
21. Difor vil eg ikkje halda fram med å driva ut for dei eit einaste av dei folkeslaga som Josva lét vera att då han døydde.
22. For gjennom dei skal Israel bli prøvd: Vil dei eller vil dei ikkje halda seg til Herrens veg og gå han, slik som fedrane deira har gjort?»