Dommarane 2:14-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Då flamma Herrens vreide opp mot Israel, og han gav dei i hendene på røvarar som plyndra dei. Han gav dei over til fiendane omkring, og dei kunne ikkje stå seg mot dei.

15. Kvar dei fór fram, var Herrens hand imot dei og råka dei med ulukke, slik Herren hadde sagt, og som Herren hadde svore. Dei kom i stor naud.

16. Då lét Herren det stå fram dommarar som berga dei ut av hendene på røvarane.

17. Men dei lydde ikkje dommarane sine heller. Dei dreiv hor med andre gudar og tilbad dei. Dei var snare til å bøya av frå den vegen som fedrane deira hadde følgt då dei lydde Herrens bod. Dei gjorde ikkje som fedrane.

Dommarane 2