Dommarane 14:7-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Så gjekk han ned og snakka med kvinna, og Samson lika henne godt.

8. Ei tid etter vende han attende og ville gifta seg med henne. Han tok av frå vegen og ville sjå den løva han hadde drepe. Då fann han ein bisverm og honning i løvekroppen.

9. Han skrapa honningen ut, heldt han i hendene og åt medan han gjekk frametter. Då han kom til foreldra sine, gav han dei òg, og dei åt. Men han sa ikkje at han hadde funne honningen i løvekroppen.

Dommarane 14