1. I det første året Dareios, son til Ahasveros, var konge – han var av medisk ætt og hadde vorte konge over kaldearriket –
2. i det første styringsåret hans oppdaga eg, Daniel, i bøkene kor lenge Jerusalem skulle liggja i røys etter Herrens ord til profeten Jeremia. Det var sytti år.
3. Eg vende meg til Herren Gud for å søkja han med bøn og rop om nåde, for å fasta i sekk og oske.
4. Eg bad til Herren min Gud og vedkjende: «Å Herre, du store og skremmande Gud, som held pakta og viser miskunn mot dei som elskar deg og held dine bod!
5. Vi har synda, bore oss ille åt, gjort urett, vore trassige og vike av frå dine bod og dommar.