Daniel 1:11-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Då sa Daniel til oppsynsmannen som hoffsjefen hadde sett over Daniel, Hananja, Misjael og Asarja:

12. «Prøv tenarane dine i ti dagar! Gjev oss grønsaker å eta og vatn å drikka!

13. Så kan du sjølv sjå korleis vi ser ut, og korleis dei gutane ser ut som et av maten frå kongens bord, og gjera med tenarane dine ut frå det du då får sjå.»

14. Han høyrde på dei i denne saka og prøvde dei i ti dagar.

15. Då dei ti dagane var gått, viste det seg at dei såg betre og sunnare ut enn dei gutane som hadde ete av maten frå kongens bord.

Daniel 1