2. Timoteus 2:7-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Tenk over det eg seier! For Herren skal gje deg innsikt i alt.

8. Kom Jesus Kristus i hug, han som vart reist opp frå dei døde og er av Davids ætt. Dette er mitt evangelium.

9. For det lid eg vondt, ja, for det er eg bunden i lenkjer som ein forbrytar. Men Guds ord er ikkje bunde!

10. Difor toler eg alt for dei utvalde, så dei òg skal vinna frelsa i Kristus Jesus og få evig herlegdom.

2. Timoteus 2