Romarane 6:9-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Vi veit at når Kristus er oppreist frå dei døde, døyr han ikkje meir, for døden har ikkje lenger makt over han.

10. Då han døydde, gjorde han opp med synda ein gong for alle. Det livet han no lever, lever han for Gud.

11. På same måten skal de rekna dykk som døde for synda, men levande for Gud i Kristus Jesus.

12. Lat då ikkje synda rå i dykkar døyelege lekam, så de gjev etter for lystene i lekamen.

13. Og byd ikkje fram lemene dykkar til rådvelde for synda, så dei vert våpen for uretten. Men byd dykk sjølve fram til teneste for Gud, så de brukar lemene for han, til våpen for det som er rett. De var då døde og har fått liv.

14. Synda skal ikkje vera herre over dykk. De er då ikkje under lova, men under nåden.

15. Kva så? Skal vi synda, sidan vi ikkje er under lova, men under nåden? Langt ifrå!

Romarane 6