Matteus 5:42-45 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

42. Gjev den som bed deg, og snu deg ikkje frå den som vil låna av deg.

43. De har høyrt det er sagt: Du skal elska nesten din og hata fienden din.

44. Men eg seier dykk: Elska fiendane dykkar, velsigna dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk, og bed for dei som forfylgjer dykk,

45. så de kan vera born åt Far dykkar i himmelen. For han lèt si sol skina over vonde og gode, og lèt det regna over rettferdige og urettferdige.

Matteus 5