Josva 8:1-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så sa Herren til Josva: «Ver ikkje redd, og miss ikkje motet! Ta med deg heile hæren og gjer deg ferdig til å gå mot Ai! Sjå, eg gjev kongen i Ai i dine hender, og folket og byen og landet hans.

2. Gjer med Ai og kongen der som du gjorde med Jeriko og kongen der. Men hærfanget og feet kan de ta sjølve. Lat nokre av mennene dine leggja seg i bakhald på vestsida av byen!»

3. Då gjorde Josva seg ferdig til å fara opp mot Ai med heile hæren. Han valde ut tretti tusen mann, djerve krigarar, og sende dei av stad om natta.

4. Han sa til dei: «Legg dykk i bakhald på vestsida av byen, ikkje langt frå han, og hald dykk budde, alle saman!

5. Så skal eg og alt folket som er med meg, gå tett innåt byen. Når dei så dreg ut mot oss, som dei gjorde førre gongen, rømer vi for dei.

Josva 8