3. Han som sat der, var å sjå til som jaspis og karneol, og kring kongsstolen var ein regnboge; han var som smaragd.
4. I ein ring kring kongsstolen såg eg tjuefire andre stolar, og på dei sat tjuefire eldste, kledde i kvite klede og med gullkransar på hovudet.
5. Frå kongsstolen gjekk det ut lyn og drønn og torebrak, og framfor stolen brann det sju faklar; det er dei sju Guds ånder.
6. Framfor kongsstolen var det som eit glashav, likt krystall. Og kringom kongsstolen, midt på kvar side, var det fire skapningar. Dei hadde fullt av augo framme og bak.