17. Eg sette vaktmenn over dykk ¬og sa:«Lyd etter når hornet ljomar!»Men dei svara:«Vi vil ikkje lyda.»
18. Høyr difor, de folkeslag,og merk dykk, de som er samla,det som skal henda ¬mellom dei!
19. Lyd etter, du jord!No fører eg ulukke ¬over dette folket,ei frukt av deira vonde tankar.For dei høyrde ikkje ¬på mine ord,og dei vanvørde mi lov.
20. Kva skal eg med røykjelse ¬frå Sabaog dei beste krydder ¬frå land langt borte?Brennoffera dykkar ¬vil eg ikkje ha,slaktoffera har eg ikkje ¬hugnad i.
21. Difor seier Herren:Sjå, eg legg støytesteinarfor dette folket, så det fell;fedrar og søner skal missa livet,granne skal døy ¬saman med granne.
22. Så seier Herren:Det kjem eit folk ¬frå landet i nord,eit mektig folk tek utfrå utkanten av jorda.
23. Spyd og boge har dei i handa,harde er dei og sparer ingen.Larmen av dei ¬lyder som havdur,på hestar kjem dei ridande.Budde som stridsmennfer dei mot deg, Sions dotter.
24. Då vi høyrde ryktet om dei,vart våre hender kraftlause.Vi vart gripne av angstog skalv ¬som ei fødande kvinne.