Jeremia 6:10-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. «Kven skal eg tala tilog åtvara, så dei høyrer det?Øyro deira er uomskorne,dei kan ikkje høyra etter.Dei driv spott med Herrens ordog bryr seg ikkje om det.

11. Men eg er full ¬av Herrens harme,eg greier ikkje å halda han att.»Så aus han ut over borna ¬på gataog over heile ungdomsflokken!Både mann og kvinne ¬skal fangast,gamle menn og oldingar.

12. Husa deira skal koma ¬i annan manns eige,deira jorder og kvinner ¬like eins.For no retter eg ut mi handmot dei som bur i landet,lyder ordet frå Herren.

13. For alle saman, små og store,søkjer urett vinning.Profetar og prestar ¬fer alle med svik.

14. Lettvint lækjer dei ¬skaden i mitt folk,når dei seier: «Fred, fred!»– og så er det ingen fred.

15. Dei skal verta til skammar,for stygge ting har dei gjort.Likevel skjemmest dei ikkje,og blygsle veit dei ikkje av.Difor skal dei falla som hine;på den tid eg krev dei ¬til rekneskap,skal dei stupa, seier Herren.

Jeremia 6