6. Røm frå Babylon, ¬berga dykk alle!Miss ikkje livet ¬når byen får si straff.Dette er ei hemne-tid ¬for Herren;han gjev dei att ¬for det dei har gjort.
7. Babel var eit gullstaup ¬i Herrens handog gjorde heile verda drukken.Folkeslaga drakk av vinen,difor bar dei seg åt som galne.
8. Brått er Babel fallen og knust.Set i med klagerop over henne!Henta balsam for hennar sår,kanskje kan dei lækjast.
9. «Vi prøvde å lækja Babel,men det lét seg ikkje gjera.Lat henne liggja, så vi kan fara,kvar til sitt eige land.For domen over henne ¬når til himmelen,radt opp til skyene rekk han.»
10. Herren har synt ¬at vi var skuldlause.Kom, lat oss fortelja på Sionkva Herren vår Gud har gjort.
11. «Gjer pilene kvasse, ¬fyll pilehusa!»Herren har eggja ¬medarkongen;for han aktar ¬å øydeleggja Babylon.Det er Herrens hemn,han vil hemna sitt tempel.