Jeremia 41:2-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. fór Ismael, son til Netanja, opp saman med dei ti mennene som var med han, og hogg Gedalja, son til Ahikam Sjafansson, ned med sverd. Dei drap han som babylonarkongen hadde sett til å styra landet,

3. alle judearane som var hjå Gedalja i Mispa, og dei kaldearane som fanst der, alle krigarane.

4. Dagen etter at Gedalja var drepen, før nokon visste om det,

5. kom det åtti menn frå Sikem, Sjilo og Samaria. Dei hadde raka av seg skjegget, rive sund kleda og rispa seg opp i huda. Dei hadde med seg grødeoffer og røykjelse som dei skulle bera fram i Herrens hus.

6. Då gjekk Ismael, son til Netanja, imot dei frå Mispa. Han kom gråtande bortetter vegen, og då han møtte dei, sa han til dei: «Kom og ver med til Gedalja, son til Ahikam!»

Jeremia 41