7. Men høyr no dette ordet som eg talar til deg og til alt folket.
8. Dei profetane som steig fram før deg og meg, heilt frå gamle dagar, spådde krig og ulukke og pest for mektige land og store rike.
9. Men når ein profet spår fred og lukke, og det går som han har sagt, då kan ein vita at han i sanning er send av Herren.»
10. Då tok profeten Hananja åket av nakken på Jeremia og braut det sund.