14. Men Herren sa til meg: Lygn spår desse profetane i mitt namn. Ikkje har eg sendt dei og ikkje gjeve dei noko påbod og ikkje tala til dei. Falske syner, gagnlause spådomar og svikefulle påfunn er det dei ber fram for dykk.
15. Difor seier eg, Herren, om dei profetane som spår i mitt namn endå eg ikkje har sendt dei, og som seier at det ikkje skal koma sverd og svolt her i landet: For sverd og svolt skal dei enda sine dagar, desse profetane.
16. Og folket som dei spår for, skal liggja slengt ikring på gatene i Jerusalem, tynt av svolt og sverd. Dei skal ikkje koma i grav, korkje dei sjølve eller konene, sønene og døtrene deira. Såleis renner eg deira eigen vondskap ut over dei.
17. Dette ordet skal du tala til dei:Tårene renn frå augo minenatt og dag, utan opphald.For folket mitt, ¬den unge dotter,har falle heilt i hopog fått eit ulækjande sår.