11. Herren sa til meg: Bed ikkje om at det skal gå dette folket vel!
12. Når dei fastar, høyrer eg ikkje på klageropa deira, og når dei ber fram brennoffer og grødeoffer, bryr eg meg ikkje om dei. Nei, med sverd og svolt og pest vil eg gjera ende på dei.
13. Då svara eg: Men, Herre Gud, profetane seier då til dei: «De skal ikkje få kjenna sverd og ikkje koma ut for svolt, for eg vil gje dykk sann fred og tryggleik på denne staden.»
14. Men Herren sa til meg: Lygn spår desse profetane i mitt namn. Ikkje har eg sendt dei og ikkje gjeve dei noko påbod og ikkje tala til dei. Falske syner, gagnlause spådomar og svikefulle påfunn er det dei ber fram for dykk.