Hosea 4:11-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Utukt, vin og annan rusdrikkgjer ende på vitet.

12. Folket mitt spør si trestøtte ¬til råds,og spådomsstaven ¬gjev dei svar.For ei utuktsånd ¬har ført dei vilt,i truløyse har dei falle ¬frå sin Gud.

13. Øvst oppå fjella ofrar dei;dei brenner offer på haugane,under eiker, poplar ¬og terebinter,for skuggen av dei er god.Difor driv døtrene ¬dykkar utukt,og sonekonene ¬bryt ekteskapet.

14. Eg vil ikkje straffa ¬døtrene dykkarfordi dei driv utukt,eller sonekonene ¬fordi dei bryt ekteskapet;for mennene gøymer seg bort ¬med horkvinnerog ofrar saman ¬med tempelskjøkjer.Det folket som ikkje har vit, ¬skal falla.

15. Om du driv utukt, Israel,må ikkje Juda føra skuld ¬over seg!Gå ikkje til Gilgal,far ikkje opp til Bet-Aven,og sver ikkje: ¬«Så sant Herren lever!»

Hosea 4