8. Ho skjøna ikkje at det var egsom gav henne kornet, ¬vinen og oljen,som gav henne sølv og gull ¬i mengd,som dei bruka ¬når dei dyrka Ba’al.
9. Difor vil eg ta att kornet mitt, ¬når den tid kjem,og vinen min, ¬når tida er komen.Eg vil ta bort ulla mi ¬og linet mitt,som skulle løyna ¬hennar nakne kropp.
10. No vil eg kle henne nakenbeint for augo ¬på hennar elskarar,og ingen skal fria henne ut ¬or mi hand.
11. Eg gjer ende ¬på all hennar glede,hennar festar, nymånedagar ¬og sabbatsdagar,alle hennar høgtider.
12. Eg øydelegg hennar vintre ¬og fikentre.Om dei har ho sagt: ¬«Dei er mi løn,som mine elskarar gav meg.»Eg gjer dei til villskog,og dyra på marka skal eta dei.
13. Eg krev henne til rekneskap ¬for dei dagardå ho brende offer ¬for Ba’al-gudane,pynta seg med ringar og kjederog gjekk etter sine elskarar,men gløymde meg,lyder ordet frå Herren.