13. Så spurde Haggai: «Men om ein har vorte urein av lik og så kjem nær noko av dette, vert det då ureint?» Prestane svara: «Ja, det vert ureint.»
14. Då tok Haggai til ords og sa: Såleis er det òg med desse menneska og dette folket i mine augo, lyder ordet frå Herren; og såleis er det med alt det dei gjer, og med det dei ofrar der; det er ureint.
15. Men no, legg merke til det som hender frå denne dagen og frametter! Før de la stein på stein i Herrens tempel,
16. korleis gjekk det dykk då? Kom nokon til ein kornhaug der det skulle vera tjue mål, fann han berre ti; kom nokon til ein pressekum og ville ausa opp femti spann, vart det berre tjue.