Galatarane 1:17-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Heller ikkje drog eg opp til Jerusalem, til dei som var apostlar før meg. Eg fór til Arabia, og sidan vende eg attende til Damaskus.

18. Fyrst tre år seinare drog eg til Jerusalem; eg ville spørja meg føre hjå Kefas, og eg vart verande hjå han i fjorten dagar.

19. Nokon annan av apostlane vitja eg ikkje, berre Jakob, Herrens bror.

20. Det eg her skriv til dykk, er sant, Gud veit at eg ikkje lyg.

Galatarane 1