4. Det er betre at du inkje lovar,enn at du lovar ¬og ikkje held ord.
5. Lat ikkje munnen ¬føra skuld over deg,og sei ikkje til Guds sendebod:«Eg gjorde det av vanvare.»Kvifor vil du harma Gud ¬med det du seier,så han øydelegg ¬det du har gjort?
6. Med mange draumar ¬og mange ordfylgjer mykje fåfengd.Men du skal ha age for Gud.
7. Ser du ¬at fattigfolk vert trælka,at rett og rettferd ¬krenkjest i landet,så undrast ikkje over det!Éi styremakt ¬vaktar på den andre,og over dei begge står ein ¬som er høgare.
8. Det er alltid ein føremonat landet har ein kongesom syter for at jorda ¬vert dyrka.
9. Den som er glad i pengar,får aldri nok av dei,og den som elskar rikdom,får aldri vinning nok.Det òg er fåfengd.