3. Rop no ut for folket: Den som er redd og fælen, kan snu og fara heim att frå Gilead-fjellet.» Då var det tjueto tusen mann som fór heim, og ti tusen vart att.
4. Men Herren sa til Gideon: «Du har enno for mykje folk. Lat dei gå ned til kjelda, så skal eg skilja ut nokre for deg der. Dei eg seier skal vera med deg, dei skal du ta med deg; og dei eg seier ikkje skal vera med deg, dei skal du ikkje ta med deg.»
5. Så lét Gideon folket gå ned til kjelda, og Herren sa til han: «Alle dei som lepjar i seg vatnet med tunga liksom hunden, skal du setja for seg, og sameleis alle dei som legg seg på kne og drikk.»
6. Dei som førte vatnet til munnen med handa og lepja, var tre hundre i talet. Alle dei andre la seg på kne og drakk av vatnet.
7. Då sa Herren til Gideon: «Med dei tre hundre mennene som lepja, vil eg berga dykk, og eg vil gje midjanittane i hendene dine. Alle dei andre kan fara heim att.»
8. Så tok dei med seg maten åt folket og horna deira. Og Gideon lét alle dei andre israelittane fara heim, så nær som dei tre hundre; dei hadde han hjå seg. Midjanittleiren låg lenger nede i dalen.
9. Då det vart natt, sa Herren til Gideon: «Gjer deg ferdig og far ned til leiren! Eg gjev han i dine hender.
10. Er du redd, så gå fyrst ned med Pura, tenaren din!
11. Høyr på det dei seier, og du kjem til å kjenna deg sterk nok til å ta på leiren.» Så gjekk han og Pura, tenaren hans, ned til forpostane utanfor leiren.
12. Midjanittane og amalekittane og dei som høyrde ættene frå aust til, låg nede i dalen så tett som grashopper, og det var ikkje tal på kamelane deira; dei var som sanden på havsens strand.