Amos 2:5-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Men eg sender eld mot Juda,han skal øyda borgene ¬i Jerusalem.

6. Så seier Herren:For tre ugjerningar ¬Israel har gjort,ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom.For dei sel rettferdige ¬for pengarog fattigfolk for eit par skor.

7. Dei trakkar småkårsfolks hovud ¬i støvetog trengjer dei hjelpelause ¬bort frå vegen.Ein mann og far hans ¬går til same jentaog vanhelgar såleis ¬mitt heilage namn.

8. Dei strekkjer seg ¬på pantsette kledeattmed kvart altar,og vin som dei har teke i bøter,drikk dei i huset åt sin Gud.

Amos 2