5. Dei som seier så, gløymer at himlar var det frå eldgamal tid og ei jord som i kraft av Guds ord steig opp or vatnet og vert halden oppe ved vatn.
6. Og ved vatn gjekk den fyrste verda under då ho vart overfløymd.
7. Men dei himlar og den jord som no er, har dette Guds ord spart til elden; dei vert haldne oppe til domedag då dei gudlause skal gå fortapt.
8. Men ein ting må de ikkje gløyma, de kjære: For Herren er éin dag som tusen år, og tusen år som éin dag.
9. Det er ikkje så som somme meiner, at Herren er sein med å oppfylla lovnaden. Nei, han er tolmodig med dykk og vil ikkje at nokon skal gå fortapt, men at alle skal nå fram til omvending.
10. Men Herrens dag skal koma som ein tjuv. Då skal himmelen forgå med eit brak, elementa skal koma i brann og løysast opp, og jorda og alle gjerningane som er gjorde på jorda, skal koma fram i ljoset.