1. Tessalonikar 3:4-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Då vi var hjå dykk, sa vi dykk føreåt at vi kom til å få trengsler. Såleis gjekk det òg, som de veit.

5. Og då eg ikkje heldt det ut lenger, sende eg han av stad. Eg måtte vita korleis det stod til med trua dykkar, om freistaren hadde greitt å freista dykk, så arbeidet vårt var nyttelaust.

6. Men no er Timoteus nett attkomen frå dykk med ein god bodskap om dykkar tru og kjærleik. Han fortel at de alltid har oss i venleg minne og lengtar etter å sjå oss att, liksom vi lengtar etter dykk.

1. Tessalonikar 3